must-bgPage 1Page 1clockclosePage 1facebookPage 1Page 1linkedinPage 1Page 1searchsearchtwitterPage 1
Arrangement

Torsdag på museet

Læraren som berrføtt historikar

23. nov. 2017 KL. 18:00 - 19:00

Om brev, dagbøker og omgangsskulehaldarar

Omgangsskulelæraren var ein slags berrføtt historikar. På same måten som manuskriptsamlarar, dagboksforfattarar og brevskrivarar på Island og andre stader i Europa, kan norske skulehaldarar reknast som utøvarar av ein tidleg skriftleg og tekstleg kultur basert på utbreidd lese- og skrivekunnskap.

I norske lokalsamfunn fanst det på 1700- og 1800-talet omgangsskulelærarar, lovkunnige bønder og andre bokleg interesserte kvinner og menn. Dei kombinerte historisk og allmenn kunnskap med kjennskap til prosatekstar og poesi – alt saman ofte rekna som mindre vesentleg og lite akta.   

Nils Olav Østrem vil fortelja ei anna soge om omgangslæraren. Det trengst ei annleis framstilling enn den tradisjonelle om ein vandrande, ukunnig og stridsudyktig skulehaldar som aldri nådde den posisjonen seminaristen seinare fekk som bygdematador.  

Østrem har en PhD i migrasjonshstorie, og er professor ved Universitetet i Stavanger.

Foto2010Østrem.jpg#asset:3028

Inngang: 50,-

Museumscaféen by Matmagasinet er åpen - velkommen!