acceptedPage 1Page 1clockclosePage 1facebookPage 1Page 1linkedinPage 1Page 1searchsearchtwitterPage 1must-bg

Sterke inntrykk

- Det er enklare å sjå nå dei som ikkje har pengar, seier Ylva Kvie Sande etter ha fylt rolla som ungdom frå låginntektsfamilie.

Det har gjort sterkt inntrykk for henne og dei to andre skodespelarane som speler autentiske historier i utstillinga « Vokse opp i verdens rikeste land» som opnar onsdag 5. juni klokka 15.00 på Norsk Barnemuseum.

Ylva Kvie Sande, Anders Vagle og Cathinka Guldberg-Nessler har gått djupt inn i materien i historiene til ungdommar frå Stavanger som har vakse opp i låginntektsfamiliar. Saman med forskarane Mette Tveit og Hege Stormark, og dokumentarfilmskapar Hans Erik Voktor har dei jobba godt med innspelinga.

Skam

Rundt 3000 barn og unge i Stavanger lever kvardagen sin i låginntektsfamiliar, om lag 100 000 i Norge. Når kvardagen handlar om at ein må ha pengar til alle fritidsaktivitetar, og ein ikkje har nok av det. Då kjenner dessverre mange på skam og ekskludering. Dei føler dei blir sett ned på.

- Eg ser nå kor utruleg viktig det er å setja lys på dette temaet. Eg blei utruleg rørt av manuset, fortel Anders.

Det har vore viktig for skodespelarane å leggja mykje innsats i få historiene skikkeleg fram.

Cathinka opplever at det er spesielt viktig i ungdomstida for å passa inn.

- Korleis har det vore å gå inn i denne rolla?

- Det har vore heilt annleis enn tidlegare, veldig spennande. Eg fekk blikk på dette problemet på ein anna måte. Eg lærte veldig mykje.

Dei tre unge skodespelarane bidrar til å gje nye refleksjonar gjennom den visuelle utstillinga som blir tilgjengeleg fram til hausten 2020. Utstillinga vil også få fram andre sider av å vera fattig.