must-bgPage 1Page 1clockclosePage 1facebookPage 1Page 1linkedinPage 1Page 1searchsearchtwitterPage 1

Gir barna ein stemme

Kven gir stemme til dei som ikkje har nok pengar til å vera med? 5. juni opnar utstillinga "Vokse opp i verdens rikeste land, penger som inngangsbillett".

Pengar er som regel inngangsbilletten til aktivitetar for barn. Over 3000 barn lever under fattigdomsgrensa i Stavanger. Undersøkingar forskarane Mette Tveit og Hege Stormark har gjort i samarbeid med 200 barn og unge i Stavanger viser at folk flest ikkje veit kven desse barna er. Det passar godt overens med forsking som viser at barn og unge som lever med for lite pengar gjer alt dei kan for å skjula det. Det har blitt fleire fattige barn i Stavanger enn før, og det ser berre ut til å halda fram. Då Mette Tveit og Hege Stormark oppdaga dette, ville dei finna meir ut om det. Resultatet er utstillinga som opnar 5. juni.

For dyrt

«Bursdag? Kor skal eg få tak i 100 kroner?» eller til juleballet: «Ein måtte ha fine klede og kjole. Og betala for å koma inn. 200 kroner. Eg sa berre til mamma, eg vil ikkje» Dette er sitat frå noko av materialet som dei har samla inn.

- Det har vore litt tøft, tøffare enn eg trudde, fortel Mette om arbeidet med barn som veks opp i låginntekstfamiliar.

Over 3000 barn lever under fattigdomsgrensa i Stavanger. Over heile landet rundt 100 000.

-Og me ser ikkje desse barna, meiner dei to.

Dorullar er ikkje dugnad

- Måten me lever på ekskluderer desse, dei får ikkje delta i samfunnet, slår dei fast.

Dyre bursdagsfeiringar er statussymbol, og når det er slik at klasseturen til Polen blir avgjort av kor mange dorullar foreldra får selt, og om dei blir selt. Då blir det ikkje likt for alle.

- Det er ikkje dugnad når ein samlar ein pengar til den enkelte unge for å dra på klassetur, slår Mette fast.

- Blir det utanforskap av dette?

- Det kan det bli. Men for oss er det viktig å få fram at desse barna stort sett viser svært stor styrke, bit tennene i saman og gjer alt for å klara seg. Dei står på. Dei gir ikkje opp.

- Kva gjer me med dette?

- Skulen er ein sosialiseringsarena. Då må ein få fram verdiar med at alle skal med. Skal ein på tur, så må dette løysast på ein anna måte. Miljøtiltaka i skulen er viktige.

Snart blir det utstilling, vidare blir det ulike arrangement og skriving av artiklar om temaet. Dei håper også at utstillinga skal delast vidare i Norge.